Aktuelle forestillinger

Instruktør Tore Vagn Lids Polyfonia er skjelsetjande scenekunst for og med ungdom, men som på ingen måte bør unngå eit vaksent publikum. Førestillinga fører inn i ein kryssild av stemmer kor ingen kan stille seg heilt utanfor, skriv scenekunst.no/danseinfo.nos kritikar, Elin Høyland.


Anmeldt av Elin Høyland 16. november 2007

Forestillingsnavn: Polyfonia
Spillested: Black Box Teater / Showbox
Tekst/Regi/Konsept: Tore Vagn Lid, Transiteateret
Skuespillere: Tor Christian F. Bleikli, Mona Solhaug, Thea D. Fjørtoft Scenografi: Kyrre Bjørkås
Lyddesign: Thorolf Thuestad & Tore V. Lid (i samarbeid med Bek - Bergen senter for elektronisk kunst)
Lydteknikk: Thorolf Thuestad
Dramaturgiat: Fem avgangselever ved en ungdomsskole i Skien
Forestillingen ble vist i forlengelse av seminaret ”Ny barndom – ny scenekunst” som ble avholdt på Det Åpne Teater under Showbox, 13.november


Image
Foto: Tore Vagn Lid
Det har vore ein lang dag, ein slags omvend skuledag, i form av seminaret, ”Ny barndom – ny scenekunst?”, i regi av Norsk Kulturråd og Showbox, før eg kjem til kvelden og Transiteatrets førestilling Polyfonia. Tidligare på dagen krysser eg Grønlandsleiret på veg til seminaret på Det Åpne Teater. Det heng november og frossen snø i lufta. Frossen snø som enno ikkje har falt. Men det er kaldt der ute, medan me varmar oss med kaffi på pappkrus og kjende andlete inne i lokalet. Dei forholdsvis vaksne har samla seg for å snakke om barna og kunsten. Eller om kva me, eller kunsten, kan gjere for barna, dei unge, korleis me kan nå dei, vise at me bryr oss og forstår dei betre? Det skal handle om å gi rom for kvalitet og utvikling i kunst retta mot barn og unge, men kanskje spøker og eit anna kompleks i kulissane, kor dei vaksne lurer på korleis dei kan vekke dei unge sitt engasjement for ei kunstform som ikkje lenger er den mest umiddelbare for dei. Ei form for dårleg sjølvtillit basert på utdaterthet, utilstrekkelighet? Så kva skal til for å kome dette til livs? Me bør bruke barna som referansepersonar i utviklinga av scenekunst for barn og unge, er eit moment som kjem fram. Ein grunnføresetnad for å finne og skape reelle møtepunkt mellom kunsten og barna, og mellom dei vaksne og den nye barndomen ingen heilt har grep om?

Korleis går det egentlig?

For kva veit vi eigentleg om korleis dei unge har det? Og vil vi eigentleg vite det?
Det er tid for førestilling og regissør Tore Vagn Lid entrar scena for å legge fram si hypotese som er grunnlaget for det me skal bevitne. Det er med andre ord frå byrjinga lagt opp til at det er eksperimentet og forskinga sitt språk som skal bere oss inn i det han sjølv kallar ein krysseld av audiovisuelle element kor det du ser ikkje nødvendigvis svarer til det du høyrer, og det du lærer kanskje strider i mot det du føler. Ei ung jente overtek scena medan regissøren flytter opp til lydbordavdelinga øverst i amfiet, og inntek ein omnipotent og uangripeleg big brother - posisjon. Jeg kan ikke fortelle én historie, seier stemma, lydsporet, som kanskje tilhøyrer jenta som no står og skriv med ein anspent peikefinger på ei usynlig glasrute vendt mot publikum. Me høyrer lyden av gnikking på glass, og den unge stemmen som understreker at hennar eg er flere historier, og at orda, songane og stadene me skal dra til er hennar, men at ho håper dei og kunne ha vore våre. Det skal vise seg å bli til ein invitasjon inn i ei krigssone av kald, men hudlaus sårbarhet. Inn i eit univers kor kvart forsøk på å feste seg sjølv rundt eit sjølv blir brutt i møte med ei verd av motstridande stemmer.

Realistisk krysseld

-Det som var sant er ikke nødvendigvis sant, påpeika regissør Tore Vagn Lid, via kultur- og kunstfilosofen Theodor Adorno, frå talarstolen på det Åpne Teater, der han fortalde om sitt arbeid med Polyfonia-prosjektet. Studia av ungdommens musikk-kultur blei for han ein inngang for å teste kollisjonar mellom forskjellige samfunnsstemmer og historiar, noko førestillinga som audiovisuelt høyrespel underbyggjer til fulle. Det er og nettopp i møtet mellom visuelle situasjonstablå og eit lydbilde som kommanderer, instruerer, trøyster og lokker aktørane til ulike aksjonar, at bildet av ein brennande realistisk kulturell krysseldsituasjon oppstår. Lynskarpt akkompagnert av pop-musikalske innslag, eit eige slør, eit eige rom av emosjonar og stemmer som kan bere den unge, og publikum med, inn og ut av opprivande tilstandar som aldri får svar eller kvile.

Image
Foto: Tore Vagn Lid
Kjerna i førestillinga si hypotese utspeler seg for oss etter mønster frå idol-kulturens grep om identitetssøkjande unge, web-bloggar med stemmer som treng nokon å snakke med og som snakker til alle og ingen utan konsekvens, karakterjag, eteforstyrringar og ikkje minst kontrasten mellom romantiske kjærleiksideal og knallhard sex-opplæring som eksemplifisert frå P3 radio. Sex som prestasjonssport er ikkje langt frå sanninga skal ein tru ein av ungdomane som har kommentert førestillinga. Polyfonia opner slik rom etter rom som synleggjer, og stiller spørsmål til, korleis ein kultur av dobbeltkommunikasjon omringer dagens unge. Idéar om vennskap, identitet, seksualitet og moralske verdiar dras mellom klassiske humanismeideal i skulens oppdragande aspekt og ungdoms- og mediekulturens ”laissez-fair”- politikk: du er fri, du er ditt ansvar, du er unik, du er ingenting – og når vi lurer på korleis du har det, er det for å minne deg om at du er ansvarlig for dine eigne, frie valg...

Kritisk erfaringsrom

Polyfonia-prosjektet er og ei tydeleg vidareføring av Vagn Lids kontinuerlege utforsking av musikaliteten sin plass i teateret, og ikkje minst muligheita for å bruke teateret som eit eksperimenterande og kritisk erfaringsrom. Vagn Lid har utforska desse tilhøva i nær tilknytting til Bertolt Brechts teaterteori- og praksis, noko som kom til sin fulle rett under oppsetjinga av Brechts lærestykke, Die Maßnahme. Det interessante her er korleis nettopp lærestykkets estetikk og fleirstemte scenespråk gjennom barne- og ungdomsteaterets intensjonar om reell kommunikasjon på tvers av språkverdenar, kanskje kjem endå nærare sin rette form.
Polyfonia evner iallefall slik eg ser det å fortelle oss noko som er sant, nettopp i kraft av å vise at det som var sant, ikkje nødvendigvis er sant, og at det som var dramtisk, ikkje nødvendigvis er det, for å bruke Vagn Lids eigne ord i høve til både kulturelle tilstandar og teaterspråk. Styrken i førestillinga ligg og i at den fanger slike eksistensielle spørsmål i alt sitt blodige alvor, på ungdommens premissar, men med ein openhet i forma som ikkje utelukker at det handlar om eit universelt menneskeleg ønskje: Å prøve å leve opp til dei krav som stilles i spelet mellom sjølvutvikling og det som oppleves som den rådande samfunnskulturen til ei kvar tid.

Dobbeltkomunikasjonens nøtt er uansett ikkje lett å knekke, verken for barn eller vaksen.

Du kan kommentere anmeldelsen her: www2.scenekunst.no/artikkel_4125.nml